Me får kvar dag ein uhorveleg mengd med informasjon. Media skulder oftast på reklamebransjen, reklamebransjen skuldar mest på media, og folk flest skuldar på både to. Eg, som sterk tilhengjar (ikkje ein sånn til å ha bakpå bilar, men altså ein som er for noko) til både media og reklamebransjen, gjer sjølvsagt ikkje det.
Både media og reklamebransjen gir oss i det minste nødvendig informasjon.
Eg har ein fjernkontroll det står “remote control unit” med store bokstavar på. Utanpå deodoranten min påpeikas det at den er “til utvortes bruk”, på tre forskjellige språk. Hjelpemiddelsentralen deler ut mikrobøljeogner til blinde, som annonserer høglytt at “Dørrren Errr Åpennn!” kvar gong nokon opnar døra.
Eg trur dei blinde òg sjønar at det er effekta av at dei opner døra.
Me treng ikkje denne informasjonen. Eg skjønar ikkje kva eg skal med han. At “Colgate gjer meg kvitare tenner og fleire vener” er iallefall eit bodskap som har eit formål. Bodskapet eksisterer for at eg skal kjøpe Colgate.
At TV2 seier at Britney Spears har fått ein ny unge, har òg eit formål. Dei ynkjer å vekkje mi oppmerksomhet, i den tru at eg er det minste interressert i kva Britney Spears trykkjer inn eller ut av kjønsorganet sitt.
At Framstegspartiet seier at dei er leie av at dei brune tek jobbane våre og voldtar døtrene våre, har det formål å vekkje framanfrykta i meg, og stemja FrP ved neste val, slik at dei kan få kjøra økonomien vår lukt åt Helvete...
Eg kjøper ikkje Colgate, eg ser ikkje på Tv2-nyhenda og eg stemjer ikkje Framstegspartiet. Men eg tykkjer likevel deira bodskap er betre enn mykje av den totalt unødvendige og formålslause informasjonen som sviv rundt.
Gje meg heller idiotisk informasjon med eit formål, enn informasjon som ikkje har nokon grunn til å eksistera i utgangspunktet.
Saturday, April 7, 2007
Sunday, March 4, 2007
Andre vers
Nokon som kan andre verset til "Kjerringa med staven"?
Vel, for referanse tek eg det med her, direkte frå Anne-Cath Vestly's songbok frå 1969:
Vel, for referanse tek eg det med her, direkte frå Anne-Cath Vestly's songbok frå 1969:
Kjerringa med sekken, hoppa over bekken,Eg lover, eg kunne hatt det SÅ artig med den teksten, hadde eg berre oppdaga han når eg var 13 år gamal!
og så datt ho uti, så vart ho våt,
men da ho kom oppat var ho like kåt.
Kjerringa med sekken.
Thursday, February 22, 2007
Kukviser. (Nam!)
Den antekne råttefoten i ei pølse var ikkje ein fot likevel. Det var ei vorte frå andletet til ei ku.
Betryggande.
Og familien som vart traumatisert, om dei ennå ikkje var ferige med å syte, skal få ein omsyning på pølsefabrikken. Hosianna!
"- Det har vi tenkt å si ja til. Også på grunn av ungene."
Jau, det kjem sikkert til å bli nett som Charlie og sjokoladefabrikken...
Oompa-loompa.
Betryggande.
Og familien som vart traumatisert, om dei ennå ikkje var ferige med å syte, skal få ein omsyning på pølsefabrikken. Hosianna!
"- Det har vi tenkt å si ja til. Også på grunn av ungene."
Jau, det kjem sikkert til å bli nett som Charlie og sjokoladefabrikken...
Oompa-loompa.
Monday, February 5, 2007
Kvifor eg ikkje skal studere ved UiS...
Dette biletet var det som møtte meg då eg gjekk gjennom dagens nettaviser. Biletet høyrer til ei sak med overskrifta "Jubel for hundre nye studentboliger" (#).Jau, eg ser dette. Men eg må sei meg noko usikker på studenten heilt til høgre i biletet...
Saturday, February 3, 2007
Heia, heia!
Apropos ikkje-nyhende. Eg gler meg til den dagen EG havner i Aftenposten for å gjere jobben min. Med den løna syns eg nå det å skyte mål er det minste han kan gjere, utan at vi treng skapa noko ofsaleg åtgaum av den grunn.Det har aldri våre særlig skjønleg for meg, dette med idrett. Og ballsparkinga er sjølve sjefs-tullet av dei alle. Kva som får store hordar til å flokke til cirka 25 vaksne menn (jau, kvinnene gjer det òg — men lat oss innsjå det, det er ikkje dei same hordane som kjem for å sjå på...) som spring etter ei oppblesen lærkule er rett og slett beyond me.
Men dette skal likevel inndoktrinerast inn i hovuda våre frå tidleg alder. I alle samfunnslag. Dei same mennekja som er sjukk tu the kår over religiøs inndoktrinering av born, stiller seg rett bak pastor og prest og kjøper Liverpul-skjerf, Man-chesthair-skjorter eller Chelsords-trøyer...
Eg har sjølv våre gjennom denne inndoktrinerings-prosessen. Eg blei pakka godt inn i eit (ilde-)Brann-skjerf, og ei Man U(r own damn business) lue. Eg var liten, og det var midt på somaren. Eg trengte hverken lue eller skjerf.
Eg har seinere tatt avstand frå desse holdningane, då eg har funne at det er viktigare grunner for å velje ballsparke-laug. Så no ‘heier’ eg (særs beherska, inni meg) på Fulham, fordi dei hadde kule draktar — og på TIL, fordi dei har eiga brus.
Den einaste idretten eg finn spanande i seg sjølv er eigentleg snooker. Der heier eg for øvreg på Ronnie O'Sullivan, iff ju møst no. Heia!
Min venn?
Frempå trikken står det:
"Trikken er din venn. Ikke kødd med den!"
Jeg lurer på hva taxien gjorde for å irritere trikken...
"Trikken er din venn. Ikke kødd med den!"
Jeg lurer på hva taxien gjorde for å irritere trikken...
Subscribe to:
Posts (Atom)